Norsk
Essay/kåseri kan de ikkje seie nei til!

Essay/kåseri kan de ikkje seie nei til!

Skrevet av michae2109 den 29 mai 2009 klokken 21:31

Mogeleg med mogleg.

Mogleg med umogleg? Somme klagar over at ein no kanskje kan kalle seg kva som helst. Mogeleg med Mogeleg lyd det vedunderlege nye fenomenet. For kva gjer du den dagen sjefen din vart bytta ut med Batgirl og broren din tek namnet morrapuler?

Namn. Identitet. Det høyrest kjend ut. Ikkje berre litt kjend, men veldig kjend, særs kjend, overmåte kjend, så kjend at det ikkje finst noko anna meir kjend i denne suppa vi likar å kalle verda - med unnatak av bilar og nasjonaldagar, sjølvsagt. Bilar og nasjonaldagar er dei viktigaste grønsakene i verda, dei innehald dei sunnaste næringsstoffane for personlegdomen vår. Men nest etter bilar og nasjonaldagar (og kanskje den mykje feira Rybak-dagen), kjem namn og identitet, dei er viktigast for kroppen når han vaks som sterkast i puberteten.

Til alle tider har namn og identitet vore viktig. Utan namn, ingen identitet. Men skal du ha ein identitet må du ha eit kultnamn. Vi seier heller Karl i hagen, pikenes Jens og Stiv Mensen enn desse mystiske personane sine røynlege namn. Kvifor gjer vi det. De kan jo freiste å gisse på det.

Så viktig har namn vore for folk at dei alltid freista å take namn frå ord, og helst skulle det vore kule ord, ord som alle andre ville ha, anten fordi ordet var mandig nok, kult nok, feil nok eller sexy nok. Heitte du Andreas var du "mandig", var namnet ditt Torgeir heitte du i røynda "Torspyd", ein Einstein var ein lukkestein, gjekk du under orda Optimus Prime, var du vida kjend som "den største og eine" og Mao Tse Tsung, som er sete saman av dei kinesiske teikna "hår", "sump" og "øst", kan farleg lett verte kalla hårete sump frå aust. Ikkje rart han laga revolusjon.
Når det gjeld namnet mitt er det kult, faretruande kult. "Kven er som Gud; håpet mitt; gullet" tyder dei løynlege orda, som òg kan omsetjast til "Kor er Gud, Gud er daud, lenge leve håp og gull".

Diverre har talet på kule ord alltid vore avgrensa, men så viktig var det å ha namn at ein tok til takke med namn ingen ville ha, ord som alle sa til alle tider, allminnelege ord med andre ord. Nitriste vikingar måtte sjå seg nøydd til å tilgjeve foreldra eller felagane sine for namn som Kjetil (kjele), Blåtann og Øystein Fjert medan fortvila og fulle innbyggjarar av Britannia måtte sjå sanninga i augo og godteke Dick (ein gjenstand forma som ein særs kort og tjukk Swix teleskopstav til 649 kr), Smith (kvifor i all verda ville nokon friviljug nytte namnet på hovudyrket sitt som namn? "Adolf Jødehatar" og "Gandalf Seidmann" høyrast berre teit ut. Ein måtte vere Ghostbuster eller gigolo for å ha nokon sjanse til å komme godt ut av dåpen ) og "the biggest shitbag I have ever met" (eller noko i den dur).

Om eins eigentlege namn ikkje var bra nok, eller viss omgivnadene dine faktisk gav deg lov til å endre på det heilagaste av det heilagaste, tok ein jo så klårt og laga eit nytt. Ingen var så heldige å varte døypt Snoop Dog (så framt foreldra ikkje var kannibalar) eller Sting (så framt ikkje Swixen kom med ein uvanleg produksjonsfeil), og viss du nokon gong vert presentert for frøken Pussycat dolls så veit du at Barbie endeleg har fått seg eit kjæledyr.

La oss berre sjå det i augo. Utan namn og identitet er vi ingenting. Like sikkert som at det i dette sekund er eit barn som brenn ein bibel eller ei nynorskordbok, like sikkert er det at korkje du, eg, Gud eller det biologiske miraklet som avsluttar eit gledsamt møte med mennesket sin beste venn (ein solid dose blodiglar) kunne vere til utan namn. Mennesket oppdaga si trong til å ha eit namn like etter at dei innsåg at stekt mammutkjøt var ulideleg godt, og mennesket klarte (med litt grunninnsats frå venene våre, apane) å skape seg verktyet som skulle til for å fylle trongen. Samstundes oppdaga Gud si trong til å ha eit namn etter å ha vorte lei av å verte kalla EG ER og the one god av alle som ein. Og båe menneske og gudar svarde på utfordringa med å take seg namn som kunne nyttast av alle utan altfor store problem med uttale.

For kven vil vel leike med eit barn som ikkje ber på eit godt namn? Kva foreldre vil at barna skal leike med dottera til "Alf Hasjis" eller sonen til "Keisam gjer reinsam"? Å ikkje ha eit godt namn er å vere ulukkeleg. Å ikkje ha eit godt namn er som å ikkje ha noko namn i det heile, som tyder at ein har teite foreldre, foreldre med så små metaforiske ballar og så lite godhug for barnet sitt at dei ikkje eingong kunne ofre eit "Hitler" på deg. Å ikkje ha eit godt namn er å krevje av andre at dei skal take seg bryet med å gjeve deg eit kallenamn, som på førehand er dømd til å merkje deg som eit utskot for resten av livet ditt, personen som braut det viktigaste av dei ti bod - du skal ikkje take kallenamn i utide.
Du vert æveleg anonym - homos fiaskos som somme kallar det. Og det er noko av det verste som kan hende. Ikkje kan du rykke ut med kontaktannonse, for ingen vil på stemnemøte med Kari Nordmann eller Kallenamn Formann - personar med slike namn vil aldri verte klår for noko seriøst forhold. Ein er ikkje nøgd med seg sjølv og det tyder på mindreverdkompleks, som igjen tyder på manglande metaforiske ballar (uavhengig av kjønn). Det vert ikkje mogleg å slengje med leppa utan å få ei neve i andletet (som den namnlause fåvitingen du er) eller verte skulda for å gøyme seg bak ei IP-adresse som den inkarnasjonen av feigskap som du sjølvsagt då er. Du må vente til du klårar å stifte familie før du i det heile får eit dugeleg kallenamn, viss nokon faktisk vil vere saman med ein som deg, for alle veit at viss du ikkje har godt namn, har du ikkje (uavhengig av kjønn) store nok metaforiske ballar. Det er berre unemneleg vondskap og psykopatar med sans for Britney Spears og Hotel Cæsar som har teite namn.
Utan namn og identitet vil du gå gjennom det frykta "syndromet", og alle veit vi kor frykteleg det er. Du byrjar hallusinere og ser alternative dimensjonar med skoddeland og gamle treskilt på høglys dag, treskilt kvar alle dei flotte namna du kunne hatt er påskreve, frå . Du tek til å drøyme om teleskopstavar med auge, munn og øydelagde lunger som kveser til deg om korleis dei er "faderen din". Du vert slagen med den kan hende mest usunne trongen i verda, det vil seie trongen til å skrive nynorsk. Du ser dunkande hjarter rundt deg som nærmast kviskrar deg over i galskapistan, til einsemda fagnar hugen din med dei kjende orda "forpult" og "nissetufs. For viss du ikkje har eit godt namn, er nissetufs svaret på kva du heiter.

Det er då du må spørje deg sjølv kven du eigentleg er. Nei, du må lage deg noko nytt, gjere den oppdaginga at utan eit godt namn er du og vert du for æveleg og alltid ingenting. Og det er i denne tida av klisjear og spennande nye namn frå den verda vi berre har sett på nyhendekassa at desse personane endeleg har vakna. I ein tid då endå råare og kulare namn som Ali, Attila og Utne gjev konkurranse er det at desse personane byrjar å skanne kulordreservoaret for nye kandidatar. Kanskje er det håp for verda likevel. Kanskje kjem den dagen når mødrer endeleg kan kalle barnet sitt for sin kjære son of a bitch.

HQ