Norsk
Nyeste
Atrás

Blogger

Her kan du kommentere alle brukernes blogger

Du kjener situasjonen. Du sit og sjår på fjernsyn, då det plutseleg dukker opp ei reklame. Med bikiniar og slanke menneskje med pene rumper får du lovande ord, for du er ikkje den du var for nokon augeblikk sidan. Og fisken sluker nesten både dupp og snøre, det er så vidt han ikkje biter på, då underbevisstheita griper inn, hjernen får tenkt seg om, og tilbodet nektast. Du var nemlig ikkje langt ifrå å gå i fella. Du vart så hjernevaska av hokjønnets formar, at du nesten kjøpte denne propagandaen, denne løgna dei prakkar på uskuldige sjåarar. Du kjøpte nesten eit slankeprogram på TV-shop. Men bare nesten.

Folk flest lar seg heldigvis, eller forhåpentlegvis er vel eit betre ord, ikkje lure av det som ser ut som sporty menneskje, som står og bøyer og tøyer i treningstøy, eller badetøy, og skryt av kor fine kroppen deira ser ut, og kor ulykkelege og stygge dei var før dei byrja med dette. Person på person står og viser seg, håner deg, mens dei gliser i smilebøyla si, før dei smiler til kvarandre, og smiler litt til. Skjermen blir fylt av fotografiar, av enda penare menneskje, og hjernevaska fortsetter, for nå skal eit dollarglis, som stinkar meir plastikk enn Michael Jackson gjorde i si tid, forklare kor latterleg enkelt det nå er å bli kvitt julemiddagen frå 2007, og heller ha sprettrumpe og magemusklar. Og alt dette programmet forlang er 20 minutt dagen, 3 gonger i veka. Eller førtito promille av all tida i ei uke. Eller null komma null null åtte promille av all tida i eit år. Eller for den som ikkje gidder tenkje tid, treningsopplegget er så lite krevjande at du så vidt treng å flytte deg ifra sofaen, brusen, chipsen, dippen og fotballen eller sjalusiklisjéane på fjernsynet. Og da bolemuskelen i tillegg hevdar at det er så lett og gøy at den gjerne får lyst til å gjøre det meir enn dette, da burde det vel vere langt ifrå vanskelig å få bli til eit deileg sex-symbol. Og dette slår jo selvfølgeleg helsedirektoratets anbefaling om ein time aktivitet om dagen, eller Saft og Energym sine, plutseleg kjempeslitsame, treningsopplegg.

Noko som er gøy, men samtidig sunt, det blir nesten for litt for bra. Men sixpack ein og silikonpupp to har drøssevis med bevis, som dei nå gjerne vil presentere for deg. Og det kommer eit innslag, kor ein person i førtiårene skal fortelje historia si, før og etter mirakelkuren viktigare enn penicilin. De slu programledarane har nok ikkje vald han eller ho her utan grunn, midt i livet som han eller ho er. Du veit, den tida kor man tar opp motorsykkeljakka, stikker på jentetur til London, med amerikanske divaer som forbilde, og elles ikkje har noko særlig å snakke om over grovbrødet med fiskekakene sonen ikkje åt i går. Denne personen, eller denne helbreda pasienten, hadde før amerikanske tall på vekta, hentesveis og vanskar med å sjå tæra sine. Nå er pasienten plutselig i stand til å tre inn i konfirmantkleda igjen, og han fryser ikkje lenger på hovudet. Og at slikt som dette skjer med heile åtte av ein million brukarar, det blir jo nesten eit litt for bra kjøpsargument.

"Det burde ikkje vere tvil, grip tak i telefonen og bestill i dag!", gliser programleiaren, og leggjar til: "Bestiller du i dag, slengjer vi til og med på denne!", før eit bilete av eit apparat som gjer treninga enda enklare, som du ikkje kunne levd forutan, følgjer. Til tider sliter eg faktisk litt med å høyre desperasjonen, til og med når programleiaren mumlar fram prisen under stive lepper, som på underleg vis framleis smilar. Og så er det på an igjen, for reklamen går nå over til å vise ei oppsummering av alt den tidligare har vist, før den så viser det ein gong til. Og ein gong til. Og enda ein gong.

Når all sarkasmen har lagt seg så er TV-shop berre ein slags vond sirkel av tomme truslar. Det er reklame på sitt verste, det er både en JIF-mopp og ein dobbel cheeseburger frå McDonalds, som gjør livet så sunt og fint, som reklamane visar. Sjølv, når eg ein sjeldan gong iblant uheldigvis får sjå ein TV-shop-reklame, så er det som om det nesten bare er eit svært ironisk paradoks, litt som ein ungdom som liker Siv Jensen men ikkje har pengar til studiar, men oisann, der braut eg visst løftet mitt om å halde politikk utanfor dette her. Men uansett, så er det litt morosamd at forskarar og personlige trenarar brukar masse tid, penger, ja ressursar generelt, på å utvikle kompliserte, "fantastisk enkle", slankemiddel, når det heile bare kunne vore erstatta av ei anna livsstil. Neste gong eg TV-shop lurer seg inn på skjermen trur eg jammen at eg rett og slett føretrekkjer amerikanske såper. Dei lokkar i det minste ikkje med så mye pupp.
"I'm not sure I can stomach another cover-based right-wing wank game."
  • 0
Sittet hjemme og spist is og sett på viasat 4 midt på dagen du

Lagt til 2010-09-23 20:40:
Uten skål
You can't buy love, but you can rent it...
  • 0
Lite å gjøre da jeg sto opp litt for tidlig under streiken. Måtte sitte i halvsøvne å glane på dette mens jeg ventet på Seinfeld...
"I'm not sure I can stomach another cover-based right-wing wank game."
  • 0
Blir litt provosert av å lese dette, slutt å klag på alt, du kunne sikkert hatt godt av å ta deg noen joggeturer!
I'll shove that bat up your ass and turn you into a popsicle
  • 0
Jeg satt faktisk å så på TV shop i dag. Var syk, så jeg skrudde på TV'n og skolepc'en. Satt og surfet, mens jeg hørte på reklame

Hvis du tar 20 min med sammenhengende armhevinger tre ganger i uken sammen med ett sundt og variert kosthold får du faktisk ganske gode armmuskler.
Big man, pig man, ha ha charade you are.
  • 0
Its a conspiracy I tell you, A CONSPIRACY!!!
Livet kan av og til virke meningsløst, heldigvis kan man gjøre noe med det ^^.
  • 0
Gud som jeg hater tv shop.
Helt enig at amerikanske såpe serier er bedre enn tv shop tullet
The cake is a lie
  • 0
@KamikazeKnut: Litt sit-ups og, så har man jo faktisk et ganske godt styrketrenings-program.

@Uvood: Hide your wife, hide your kids!

@Iceman: Kunne ikke sagt det bedre selv
"I'm not sure I can stomach another cover-based right-wing wank game."
  • 0
leste to setninger.... klarte ikke mer, så nå ligger jeg på haukeland!

DAMN YOU NY-NORSKEN!
"Et kult sitat jeg ikke har funnet på selv" - Et fancy navn
  • 0
Hehe, lol.
"I'm not sure I can stomach another cover-based right-wing wank game."
  • 0

For å diskutere må du være innlogget. Om du ikke er medlem ennå - bli medlem nå!