Norsk
MEDLEMSANMELDELSE

Star Wars: The Force Unleashed

Skulle gjerne spelt nextgenversjonen, men no har det seg slik at eg berre har psp og ikkje ps3, så det må vente. Eg liker veldig godt pspén, den kunne sikkert vert kraftigare for det er eit problem som oppstår med TFU.

Dette er eit supert Starwars-spel, pspversjonen gir deg den samme historia, berre i litt mindre format. Dei har gjort alle animasjonsscener i realtime-grafikk som berre stadfestar den gode psp-grafikken og gjer det til eit heihetlig visuell oppleving. Dei elles så irriterande introscenene når du entrar eit nytt rom el.l er korte flyt godt med spillets gang. Kontrollane er gode, og Vader sin lærling responderer slik som ein vil med flotte animerte bevegelser.

Plattformane er små, men delikat designa, ein føler at ein er i eit arkitektonisk landskap og ikkje heile tida på ei togskinne, sjølv om det er masse av det også.

Oppgraderingssystemet er ok. Men problemet er at det er eit visst antall fiender på kvart brett, og ganske staka ut kor masse xp du får kvar gong, det er ikkje slik at du kan jobbe litt ekstra for å bygge deg opp. Men det fungerer på eit vis og ein må fordele klokt då du ikkje klarer å oppgradere det meste før spelet er slutt. Det seies det tar 9 timer, eg tok ikkje tida men det gikk veldig fort over. Når du er ferdig kan du spele det om igjen og utvikle karakteren videre. Dette er kult, for statusen din i «story mode» vil vere den same som i nokon av tillegsspela.

For ein star wars fan som meg er dette eit tilfredstillande spel. Irriterende ting som hakking, at psp restarter eller lyden dett vekk er eit resultat av at spelet er litt vel tungt for den vesle pspén. Tipper at neste versjon av psp(3000) takler dette bra. Men det er kipt at dei ikkje har greid å luke vekk dei småfeila.

Har du spelt ps3-versjonen veit eg ikkje om det er så mykje å hente her, men for glade psp-eigarar er dette eit ok spel å ha i samlinga. Gleder meg til å få prøve multiplayer, for duell-motoren fungerer kjempegodt og er ein fornøyelse. Psp greier virkelig å gi god sith/jedi-action, betre enn på ps1 og ps2 tidlegare og det er kult.

Men eg er dog inhabil siden eg er starwars-groupie;)

Medlemsanmeldelser23
Samlet karakter: 7.3/10
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10